12 meter brei ny gjødselnedfeller

Reime & co AS har levert gjødselvogn med 12 meter brei gjødselnedfellar. No ventar dei i spenning på svar om biogassanlegg på Jæren, som kan gje denne teknologien eit nytt løft.

Foto: Åge Bjørnevik

Publisert: 25.06.2020Reime & Co AS

Det var ikkje berre langreist utstyr som blei feira på A-K maskin AS si store fering store utstyrsleveransar onsdag. 

Dei har også selt noko heilt nytt frå Reime & co AS - rett borti høgget på Nærbø. 

Hallvard Hegrestad på Brusand har kjøpt ei Reime gjødselvogn på 15.500 liter. Slike finst det ein del av, men denne er kopla saman med ein 12 meter brei gjødselnedfellar frå Nærbø-firmaet sin tyske samarbeidspartnar.

- Dette er den første av akkurat desse me leverer, fortel Odd Jan Dybing, teknisk leiar hos Reime & co AS - selskapet som kom i gong tidlegare i år då Bjørn Rygg sitt industrikonsern BRI kjøpte opp konkursbuet etter Reime Agri.

Nedfellaren skjer eit lite spor i jorda, og legg gjødsla nedi. Det fører til betre utnytting av næringa i gjødsla og mindre lukt for omgjevnadane.

Reime & co kjøper ein del av delane frå underleverandørar, både lokalt og internasjonalt, og lagar i tillegg enkelte delar sjølv - i tillegg til at dei monterer ustyret. 

No ventar Nærbø-firmaet i spenning på om det endeleg skal bli noko av det lenge omtalte biogassanlegget for husdyrgjødsel på Jæren. 

Det vil i tilfelle kunna gje eit løft til bedrifta, som har jobba med gjødselseparatoarar i 30 år allereie - og som ser at bøndene kunne fått endå betre effekt av nedfellarutstyret deira om gjødsla var separert og berre den tynne delen skulle ut på kjelvene.

Den ferske tekniske tilrådinga rundt biogassanlegget er nettopp å separera gjødsla på gardane, og å frakta den faste delen av gjødsla inn til biogassanlegget.

 

Tekst hentet fra jbl.no